Lokalnytt

Inviterer til styrekurs på Stranda Hotell

Det blir styrekurs på Stranda Hotell for leiarar av små og mellomstore bedrifter og styre i friviljuge foreiningar 23. mars. Her blir det fagleg innhald, kulturelt innslag og ein god lunsj.

 

Styrekurset er spesielt retta mot eigarar, styremedlemar, styrekandidatar og daglege leiarar i små og mellomstore bedrifter, samt styre i frivillige foreiningar.Målet med kurset er å klargjere dei mest kritiske utfordringane innan styrearbeid og ulike teknikkar for korleis ein best mogleg kan handtere dei. Det vert blant anna snakka om verdiar, ulike ansvarsroller og struktur på styrearbeid.

 Kurset vert halde av:

Victor Jensen er leiar i Styreakademiet Norge, i tillegg til medeigar, styreleiar og styremedlem i fleire bedrifter. Han driv også eige rådgjevingsselskap.
Kristian Haahjem er leiar i Styreakademiet Sunnmøre, og dagleg leiar i industriselskapet Haahjem AS på Vigra.

Lenke til påmelding:

Program for dagen:

08:30 Registrering og servering av kaffi
09:00-12:00 Fagleg program
12:00-13:00 Lunsj med kulturelt innslag

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380