BilderLokalnytt

Inviterte til temamøte om Kreft

Leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke t. v. ønska Reidun Flydal og Saskia Georges vel møtt til temamøte om Kreft på Sunnylven kyrkjelydshus torsdag kveld.

 

Torsdag 16.mars inviterte Sunnylven sanitetslag til eit ope temamøte om sjukdomen Kreft. På møtet deltok Reidun Flydal og Saskia Georges, begge kreftsjukepleiarar i heimesjukepleien i Stranda.

Knappe 40 unge og eldre møtte på temamøtet til Sunnylven sanitetslag. Her var temaet Kreft, ein sjukdom som berører mange i livet, men der tre av fire overlever. Til stades på møtet var Reidun Flydal og Saskia Georges som begge jobbar innan kreftsjukepleien i Stranda kommune.
I ein film fekk dei frammøtte sjå korleis kreft angriper ulike deler stort sett over alt i kroppen. I dag er det prostatakreft det er flest tilfelle av, men også mange andre typer er registrert, sa Saskia Georges. Stråling er ein viktig og mykje nytta behandlingsmåte, men det finst også andre måtar å behandle kreft på, som immunterapi, kirurgi og stamcellebehandling.
Og ofte må det brukast legemiddel, noko som lett gjev seinskadar. Saskia Georges hadde ei langliste av seinskadar ho refererte frå i samband med kreftbehandling.

Men også noko positivt kom fram på møtet. Å få ei kreftdiagnose gjev betre behandling og forebygging i dag enn tidlegare, vart sagt. Tre av fire overlever kreftsjukdom, sjølv om mange blir usikre på korleis vegen blir vidare. Gjennom etterbehandling blir ofte pasienten overlatt til seg sjølv, livet blir sjeldan slik ein tenkte etter kreftbehandling, og mange frykta tilbakefall. Å planlegge livet vidare i samtalar med fastlegen kunne vere viktig, vart det sagt.

I Møre og Romsdal er det rehabilieringssenter i spesialhelsetenesta på Muritunet i Valldal med eit moderande og funksjonelt opplegg. Frå 2018 har senteret dagavdeling på Moa i Ålesund og driftsavtale med Helse Midt-Norge RHF.
Pårørande er pasienten sin viktigaste ressurs, for krav til den kreftsjuke er ofte mykje strengare enn forventa, sa Reidun Flydal og la til;
-Å møte ein kreftsjuk kan vere vanskeleg, kva vi skal føre samtalen kring. Men å få til samtalen er viktig, det gjev positive opplevingar for begge partar-.

Det var leiar i Sunnylven sanitetslag, Hilde Langlo Brekke som leia møtet, og som til slutt takka dei to for informasjonen. Brekke hadde med gåve til dei to som ho overrekte, kvar si øskje med spekemat frå bedrifta Ole Ringdal AS.

Saskia Georges t.v. og Reidun Flydal jobbar begge som kreftsjukepleiarar i heimesjukepleien i Stranda kommune.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380