Lokalnytt

Klart for Grendakveld på Hellesylt

Etter fleire år med opphald er det klart for Grendakveld på Hellesylt igjen. Denne gongen er det «Sjøarane» som inntek scena med lystig program i Sunnylven samfunnshus.

Det vart stopp av fleire store arrangement i 2019 på grunn av den smittsame koronapandemien som dukka opp. Av arrangement som stoppa var den årlege grendakvelden på Hellesylt med Dalarane, Bygdarane og Sjøarane som underhaldarar frå scena i bygda si storstove. Komande helg, laurdag 1. april er Sjøarane tilbake igjen med den populære grendakvelden og med siste nytt av program frå HUL-scena.

Vi har sløyfa å ta kontakt med den lystige gjengen, frå Sjøarane får vi nok ikkje vite så mykje, men vi veit at dei har øvd jamt og trutt så vi er sikre på at det blir eit lystig og godt program også denne gongen. Sjøarane har imponert mange gonger før under grendakvelden på Hellesylt som i år blir arrangert for 43? gong.

På laurdag 1. april blir det fyrst ein god time med program, deretter blir det servering av mat og drikke, og ca. klokka 22.00 blir det dans og musikk med bandet «Ingemars». Det blir sal av nummererte billettar i vestibyla på Sunnylven samfunnshus laurdag 1. april mellom klokka 12.00 – 14.00.
Billettprisen er kr. 600.- for vaksne og kr. 200.- under 15 år. Kun dans kr. 300.-
Kroner 50.- i rabatt for medlemer i Hellesylt ungdomslag.

Dørene opnar klokka 18.30 på laurdag med sal og forfriskningar, og frå klokka 19.30 brakar det laust med underhaldning og grendakveld nok ein gong.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380