Lokalnytt

Kristine Hjellbakk Hole klar for NM del 2.

Kristine Hjellbakk Hole, langrennsjenta frå Sunnylven har hatt ein flott sesong. No ventar NM del 2 .

Kristine Hjellbakk Hole, jenta frå Sunnylven IL, men som går for Lillehammer SK har hatt ein flott sesong i langrennssporet. Resultata frå renn ut over i sesongen har blitt berre betre og betre, mellom anna frå Veldre Sag sist helg.

Sesongen starta litt vanskeleg for langrennsjenta Kristine Hjellbakk Hole. I desember vart det covid-angrep og fyrste del av sesongen vart mykje øydelagt. Men også den epidemien gjekk over og etter det la jenta frå Sunnylven ned solid treningsarbeid i løypene kring Lillehammer der ho går på skule. Treninga har gjeve resultat ut over vinteren 2023, og det har blitt mange flotte plasseringaer i langrenn for den unge langrennsjenta som bur og går skule i OL- byen frå 94.

Årsklassa 2002 i Norge har mange gode løparar så Kristine Hjellbakk Hole har mange å konkurrere mot. Men tålmod og trening har gjeve resultat og ført henne heilt i toppen mellom dei beste i norsk langrenn.
Det er å merke at under NM-stafett på ski gjekk ho ankeretappe for Lillehammer SK og til ein flott fjerde plass. Saman med Thea Sørum og Ida Ramstad slo ho Strindheim og ankerkvinne Berit Mogstad på målstreken, noko som vart Kristine sin beste plassering i eit senior-NM så langt.
Vi trur fleire vil kome for resultata ut over vinteren har vore gode. Sist helg var det U23-NM med Veldre Sag i Brummunddal som arrangør. Her stilte dei aller beste som ikkje var i Holmenkollen den helga.

Vi har referert resultata tidlegare, men tek med at i klassisk vart det 32. plass og i skøyting ein sterk 10 plass for Sunnylven-jenta. Det var av det beste så langt i langrenn i vinter, fortel Kristine i telefon frå Lillehammer. Ho er nett koma i hus igjen etter jobb for heimesjukepleien i OL-byen, der ho har hatt tilhald snart fem år no.

Det var resultat ho var svært godt fornøgd med, men nye renn ventar, seier ho, som NM del 2 med 5.0 km. klassisk og ei 3-mil i same stilart. To distansar ho er litt spent på, for klassisk er ikkje heilt favorittstilarten. Ho likar best skøyting, men NM er ein av dei siste store konkurransane denne sesongen så ho stiller opp, seier Kristine.
Kristine Hjellbakk Hole har hatt tilhald på Lillehammer dei siste 4 – 5 åra. No vurderer ho å søkje seg til Trondheim og skulegang der. Då blir det også ny skiklubb for Sunnylven IL si beste langrennsjente.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380