Mange til Sunnylven kyrkje og flott konsert.
Meir enn hundre personar kom til konsert i Sunnylven kyrkje, til eit forsterka Sunnylven songlag og musikar Øystein Lund Olafsen. Det vart ein god time som dei frammøtte seint vil gløyme.
Det vart tre dagar intens øving for songarar i Hellesylt songlag og tilreisande frå nærebygder som Stranda. I lag med den kjente musikaren Øystein Lund Olafsen vart det øvd for konsert i Sunnylven kyrkje.
Resultatet søndag ettermiddag vart ei fantastisk stund med gla`song i den høgreiste trekyrkja.
Rundt 25 songarar og musikar Olafsen hadde øvd inn mykje som var nytt for dei frammøtte i Sunnylven kyrkje søndag. Men konserten vart like fullt ei oppleving der det tona ut så vakkert i nok eit konsertminne frå den gamle, høgreiste kyrkja. I godt over ein time fekk eit talrikt publikum glede seg over tonar frå leikne fingrar på pianoet, god korsong, og frå solistar med Kristin Storstein, Ola Ødegård, Oddbjørg Stadheim, og Øystein Lund Olafsen sjølv..
Og ikkje minst tre unge jenter nær konfirmasjonsalder, Olivia, Marta og Ingeborg gjorde sitt til å høgde det heile til eit vakkert korminne frå Sunnylven kyrkje. Konserten med mange nye songar, eit reinstemt kor og ein dyktig pianist vart ei oppleving dei mange frammøtte applauderte mykje for i kyrkja. Slike konsertopplevingat tek vi gjerne mot fleire av.
Rosa stunda
Midtvegs i konserten kom prest Ann Kristin Langeland med rosande ord til dei dyktige aktørane.
-Eg blir glad, men også litt rørt når vi høyrer denne musikken, den gjev oss håp. Det gjev oss ro i hjarta våre og vi treng slike stunder som dette.
For det å vere i lag og dele noko i fellesskap gjev oss mykje, ikkje minst å kunne høyre koret i song og vakker klang. Kanskje tenkjer enkelte at di stemme ikkje passer, men vi treng å bli minte på at det gjer den, at alle stemmer er viktige.
Bildet på det er meisteren sjølv som ville vere i lag med slike som oss, sa Ann Kristin Langeland mellom anna, før koret og Øystein Lund Olafsen avslutta med siste song.