Lokalnytt

Møte i Sunnylven bygdekvinnelag 8. mars

Sunnylven bygdekvinnelag markerer 8. mars på Sunnylven kyrkjelydshus

I morgen onsdag inviterer Sunnylven bygdekvinnelag til møte på Sunnylven kyrkjelydshus og samling på den internasjonale kvinnedagen 8. mars.

Sunnylven bygdekvinnelag håper på godt frammøte på den internasjonale kvinnedagen onsdag 8. mars. Laget legg markeringa til Sunnylven kyrkjelydshus og der det blir både program og servering.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen har variert, men på 1970-talet tok markeringa seg opp. Spesielt i 1978 var det stor oppslutnad om dagen då over 20.000 kvinner og menn gjekk i tog over heile landet.
Seinare sank oppslutninga, men i 2014 var den på nytt stor, kan ein lese på nettet.

I Sunnylven inviterer Sunnylven bygdekvinnelag til møte i Hellesylt sentrum, på Sunnylven kyrkjelydshus onsdag 8. mars, og der blir det både servering og mykje godt program. Ellen Fivelstad fortel om å starte opp kaffibar på Hellesylt, Ragnhild Stadheim informerer om «Bua», det nye visning og utlånstilbodet ved frivilligsentralen på Stranda, og leiar i bygdekvinnelaget Gunnhild Kvam snakkar om «utsett for hersketeknikk», eit tema like aktuelt i dag som før. Og det blir musikkinnslag ved Synnøve Hjellbakk Hole og Tonje Støverstein.
Møt fram til triveleg samkome på Sunnylven kyrkjelydshus på kvinnedagen 8. mars.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380