Lokalnytt

Ope møte om KREFT.

Sunnylven sanitetslag inviterer til ope møte om sjukdomen Kreft og måtar å takle den på. (Bildet frå tombola i sanitslaget)

Sunnylven sanitetslag inviterer til ope temamøte om KREFT på Sunnylven kyrkjelydshus torsdag 16. mars klokka 19.00.

Behandlingsmetodar, seinskadar og bivirkningar er mellom temaer som Reidun Flydal og kreftsjukepleiar i heimesjukepleien i Stranda, Saskia Georges tek opp og informerer om på eit ope møte på Sunnylven kyrkjelydshus torsdag 16 mars.

Korleis er det å vere pårørande, kva er forventa av ein pårørande, og kva kan dei nærate gjere for å løfte kvardagen til ein kreftsjuk person samstundes som ein tek vare på seg sjølv og eige liv?, er tankar og synspunkt som dei to vil belyse og snakke om. Og dei vil kome inn på reaksjonar og korleis den sjuke opplever ein slik situasjon.

Møtet er ope for alle, også ikkje-medlemer i sanitetslaget er velkomne, heiter det i innkallinga.
Etter møtet servert sanitetslaget kveldsmat.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380