Lokalnytt

Øver til konsertoppleving i Sunnylven kyrkje

Hellesylt songlag har mange songarar med frå Stranda og nærliggande områder til konserten med Øystein Lund Olafsen i Sunnylven kyrkje.

Komande søndag blir det gospel-konsert i Sunnylven kyrkje. Då får frammøtte høyre eit stort kor og organist Øystein Lund Olafsen.

Øystein Lund Olafsen kjem til Sunnylven kyrkje med konsert saman med eit forsterka Hellesylt songkor søndag 19. mars. Frå klokka 17.00 på søndag blir det mykje gla`song saman med den kjente organisten.

På fredag kveld var vi innom den fyrste øvinga i Sunnylven kyrkjelydshus. Der sat vi lenge, vi vart «fanga» i vakker song frå eit utvida songkor med songarar også frå Stranda, totalt om lag 25 damer og menn og ein musikar som trylla fram vakre tonar frå pianotangentane. Vi fekk leve med i ei vakker og melodiøs øving.

-Dette skal bli bra før vi kjem til søndag klokka 17.00. Vi er godt i gang og har mykje tid å øve på fram til konserten, var kommentaren vi fanga opp frå Gunnar Inge Eide. Han reiste ikkje heim til Eidsdal denne kvelden, for dagen etter startar songøvingane alt klokka 10.00 igjen. Han håpa sjølvsagt på godt frammøte søndag kveld klokka 17.00 i kyrkja.

Øystein Lund Olafsen har servert vakre tonar før i Sunnylven kyrkje. I 2014 var han med Elisabeth Andreassen under konsert og Sommardagar på Hellesylt. No er han tilbake med ny konsert saman med Hellesylt songlag og fleire i den høgreiste tømmerkyrkja frå 1859.

Øystein Lund Olafsen under øving på Sunnylven kyrkjelydshus

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380