Påske-quiz på Tronstad
I Tronstad Grendahus blir det påske-quiz onsdag kveld 5 april. Arrangøren Tronstad Grendalag lovar mange og flotte gevinstar.
Det har blitt tradisjon med Quiz på Tronstad i påska. Også i fjor var grendahuset ope for Quiz-speleglade, nesten fleire enn grendalaget ønska å ta mot. Både den store salen og «Kokartjønna», den litt mindre var godt fullsette då.
Så mange ønskjer ikkje arrangøen Tronstad grendalag å få i hus i år, men godt besøk og god stemning blir det garantert onsdag 5. april i grendahuset på Tronstad.
I tillegg til sal av quiz-blokker blir det diverse å få kjøpt i puben.
-No gjeld det å bruke telefonen og melde seg på så snart som råd om du vil ha plass på påske-quiz på Tronstad. Vi har fått påmelding frå ti lag alt så her kjem vi til å fylle alle dei 18 borda som vi har planlagt, seier Trond Åge Dyrkorn.
Berre Geir Støverstein tek mot påmelding til quizen, mob. 411 46 947
Vi får opplyst at arrangementet på Tronstad grendahus er ope for innsteg frå klokka 18.00, og Quiz-stemninga startar klokka 19.00