LokalnyttLokalsport

PÅSKESKYTING OG PREMIEFEST

Ein super-blid gjeng etter endt skyting og premieutdeling!

I dag var siste skyting på 15-meteren før påske, og det markerte vi med påskeskyting!

Tekst og foto Ola Vangen

Det var heile 18 deltakara på skytinga! Fem av desse var sporty foreldre som drog på seg skytejakka, nokon til og med for fyrste gong. Resten var ungdommar som har vore med meir eller mindre fast gjennom heile hausten og vinteren.

Skytinga blei gjennomført som ein 25-skot.

Dei tre som vant påskepokalane:
Nærmast 228 4* – Kristen
Nærmast 210 3* – Alma
Beste resultat uansett alder (249!) – Sina Helen

Vi hadde fleire ulike premieringar i forbindelse med skytinga:

– Pokal til beste 25-skot, uansett alder
– Pokal til den skyttaren som skaut nærmast 228 poeng og 4 sentrumstiarar
– Pokal til den skyttaren som skaut nærmast 210 poeng og 3 sentrumstiarar
– Lagskyting: Tilfeldig uttrekt 6-personslag der resultatet frå 25-skoten var teljande

I tillegg hadde vi premiering av miniatyrtrofeet og lagsmeisterskapet, som blei skote tidlegare i vinter.

Det blei også varta opp med kjeks, saft, kake og kaffi som deltakara og publikum kunne kose seg med i publikumssalen

Ein del av premiane som skulle utdelast (bordet blei for lite til å få med alt)

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info