Påsketombola på Røyrhus.
Røyrhus-grenda i Sunnylven har lagt ned mykje arbeid i å setje i stand det gamle skulehuset sitt frå år 1900. No har det blitt grendahus, og langfredag inviterer dei, som i fjor, alle til å prøve vinnarlukka på påsketombola.
Det blir stor påsketombola i gamleskulen på Røyrhus langfredag 7. april frå klokka 15.00.
Utanom sal av tombolalodd blir det også sal av pølse med brød, kaffi og kaker, og trekking av loddbøker, får vi opplyst hos arrangøren som er Røyrhus grendalag.