LokalnyttLokalsport

SAMLAGSSTEMNE FELT 2023

To blide ungdommar etter sigar i kvar si klasse.

I dag har det vore gjennomført samlagsstemne i feltskyting på Sunnmøre. Meisterskapet blei gjennomført i Langevåg, av Langevåg skyttarlag, med skikkeleg kystvær..!

Tekst og foto: Ola Vangen.

Trass i eit fole til vær, var det likevel mykje god skyting å finne på resultatlistene.
I seniorklassa, klasse 2-5, V55 og EJ, var Ivar Fivelstad tittelforsvarar etter sigar på heimebane i fjor. Etter gode forberedelsar og ei uhyre jamn finaleskyting kunne han til slutt slå deg på brystet etter å ha sikra seg sigaren med resultatet 42/08. Ivar hadde fullt hus, 30 treff, etter innleiande skyting. Han traff 12/8 i finala og blei då best samanlagt.

Pallen i klasse senior.
1.plass Ivar Fivelstad (midten)
2.plass Ivar Skaar Pedersen (venstre)
3.plass Thor Einar Aurdal (høgre)

Det var tett kamp om medaljane. Nr 2 blei Ivar Skaar Pedersen, frå arrangørlaget, med 42/07 (30 + 12/7). Thor Einar Aurdal, frå Sykkylven, blei nr 3 med 42/05 (30 + 12/5).
Det skilte altså berre 3 (!) innartreff mellom 1. og 3.plass.

Til info: Når det skytast meisterskap med avsluttande finale til slutt får ikkje skyttarane med seg innartreff vidare til finalen, berre yttartreff. Blant seniorane var det berre desse tre som klarte meisterstykket med fullt hus, 30 treff. Innledningsvis hadde dei følgjande resultat: Ivar Skaar Pedersen, 30/21 (skive 1), Thor Einar Aurdal, 30/16 (skive 2) og Ivar Fivelstad, 30/15 (skive 3).

Dei øvrige seniorane frå Sunnylven hadde:
5.plass – Dag André Hauge, 41/08 (29 + 12/8)
6.plass – Kjell Oddvar Frøysa 39/09 (27 + 12/9)
15.plass – Isak Elias Frøysadal Hauge 23/0 (23 + 0)
18.plass – Ola Vangen 1/0 (kom ikkje til finale)

Isak Elias var uheldig under sin finaleskyting og skaut alle sine skot i naboskiva ved ein feil..
Ola Vangen kom noko dårlegare forberedt enn kva ein bør vere under eit slik meisterskap, og traff omtrent samtlege skot (utan om eitt) litt utanfor figuren.

Vinnar i klasse 1, Kirsti Frøysadal Hauge.

I klasse 1 hadde Sunnylven også ein tittelforsvarar som innfridde. Kirsti Frøysadal Hauge vant klassa med resultatet 28/9.

I veteranklassa V73 presterte Oddmund Fivelstad 39 treff og 3 innartreff (29 + 10/3), og tok 3.plassen i klassa.

I ungdomsklassene gjorde Sunnylvsskyttarane det også godt!

Ørjan Frøysadal Hauge klinka til med fullt hus 42/07 (30 + 12/7) i klasse junior, og tok 1.plassen.

Vinnar i klasse rekrutt, Kai Adam Røyrhus

I klasse rekrutt noterte Kai Adam Røyrhus seg resultatet 35/02 (25 + 10/2), og tok sigaren i klassa. Med tanke på vær og vindforhold er dette eit veldig godt resultat til å vere skote med 22.cal.

Sunnylven skyttarlag vant også lagskyting for senior der Ivar, Kjell Oddvar og Dag André representerte laget.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info