Lokalnytt

Stranda mållag heldt årsmøte i industrihistoriske lokale

Helge Søvik t.v. og Reidar Lunde fekk rosande ord og gåver frå Stranda mållag for møbelutstillinga dei har fått fram .
Foto: Inge Bjørdal.

Tysdag 7. mars var det årsmøte i Stranda mållag i lokala til Strandaindustriens historie. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vart to av personane bak industriutstillinga, Helge Søvik og Reidar Lunde heidra med gåver og gode ord.

Utstillinga til Strandaindustriens historie i dei tidlegare lokala til P I Langlo har blitt besøkt av mange det fyrste året. Helge Søvik og Reidar Lunde begge kjente og engasjerte personar på Stranda har stått bak det heile, ei utstilling som huser eit stort antall møbelmodellar og anna nyttig av hushald og arbeid. Fleire hundre gjenstandar er samla i dei nedlagde industrilokala til P I Langlo i sentrum av Stranda og som gjev eit innsyn i arbeid, kvardag og fest til folk gjennom mange år. Utstillinga som har vore opa frå sommaren 2022 har hatt godt besøk så langt.

Årsmøtet til Stranda mållag vart halde i lokala til Strandaindustriens historie tysdag 7. mars. Mange kom til årsmøtet, både for å delta i årsmøtesakene, men også for å sjå den unike utstillinga.
Til stades var også dei to som har fått fram det heile, Reidar Lunde og Helge Søvik. Under vegs fortalde dei frå arbeidet med å få det heile på plass, og dei hadde historier om fleire av møblane/gjenstandane som er utstilt.
Som takk for det flotte og viktige arbeidet dei hadde fullført fekk begge gåver og gode ord frå Stranda mållag ved leiaren Anders Folkestad.

Leiar i Stranda mållag, Anders Folkestad t.v. takka Søvik og Lunde for arbeidet dei hadde lagt ned med utstillinga «Strandaindustriens historie».

For mellom anna bruken av nynorsk

Under årsamlinga i Stranda mållag vart målprisen for 2023 overrekt til Strandaindustriens historie. I grunngjevinga frå mållaget står å lese;

-Foreininga Strandaindustriens historie får Stranda mållag sin målpris 2023 for å bruke nynorsk i verksemda si. Gjennom den unike utstillinga, presentert på nynorsk, engelsk og tysk, går det tydeleg fram kor viktig samspelet mellom driftige pionerar og lokalsamfunnet har vore for framveksten av industrien i bygdelaga i kommunen. Den lokale identiteten og den lokale forankringa blir på ein sikker måte gjort tydeleg gjennom systematisk bruk av nynorsk i utstillinga. Nynorsk er også brukt på nettsida og  i anna informasjonsverksemd.

Val av nynorsk er ekstra prisverdig sidan ein del av næringslivet, også lokalt, både i dag og gjennom historia har hatt ein tendens til å bruke bokmål. Ved å bruke nynorsk  i framstilling av industrihistoria illustrerer Strandaindustriens historie korleis god språkbruk kan bygge ei tydeleg merkevare.  På den måten er prisvinnaren eit viktig føredøme.

For bedrifter som konkurrerer i ein marknad kan bruk av nynorsk og den lokale dialekta vere ein konkurransefordel. På den måten vil bedriftene kunne skilje seg ut i flaumen av reklame på bokmål og engelsk. Strandaindustriens historie har gjort eit klart val av nynorsk som språk i verksemda si. Juryen meiner at Strandaindustriens historie tilfredsstiller kriteria for målprisen -, heiter det i grunngjevinga frå Stranda mållag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380