Sunnylven ski -og skiskyttargruppe arrangerer krinsrenn
Elias Helset går på heimebane i Hyttehola under krinsrennet i skiskyting 18. og 19. mars.
Laurdag 18. og søndag 19. mars er det krinsrenn i skiskyting i skianlegget i Hyttehola. Start begge dagar er klokka 12.00.
Sunnylven ski -og skiskyttargruppe står som arrangør av krinsrenn i skiskyting laurdag 18. mars og søndag 19. mars. Rennet går i anlegget i Hyttehola begge dagar, og arrangør Sunnylven IL håper på god deltaking i rennet. Sunnylven IL har sjølve fleire løparar som deltek i skiskyting og har gjennom vinteren hevda seg bra. Mest kjent er nok Elias Helset, 18-åringen som går skule i Stryn.
I vinter har det blitt deltaking på fleire renn lokalt, men også på nasjonalt plan på både Austlandet og i Trøndelag, der det vart ein sterk 20. plass på den avsluttande distansen. Elias er nok ein av favorittane på heimebane i Hyttehola tredje helga i mars.
Men arrangøren har fleire gode skiskyttarar. Også bror til Elias, Trym Helset går godt på ski og er treffsikker, det same er systrene Emma og Tuva Marie Korsbrekke, og enno fleire.
Det blir garantert mykje fart og spanande duellar i løypene i Hyttehola 18. og 19. mars.