LokalnyttLokalsport

Takk til alle funksjonærar !

Drevne tidtakarar, frå venstre: Fredrik Helset, Arne Korsbrekke og Amund Lien.

Sist helg arrangerte skiskytargruppa i Sunnylven IL krinsrenn og krinscupavslutning. Det var renn både laurdag og søndag. Eit så stort arrangement gjer seg ikkje sjølv og rundt 50 funksjonærar stilte opp og lagde eit flott arrangement som berre hausta lovord frå dei som kom tilreisande.

Ole Ragnar Korsbrekke og Lars Fivelstad i sekretæriatet.

Rennleiar, Magnar Tufte Tyssen ynsker på vegne av skiskytargruppa å takke alle funksjonærane for hjelpa denne helga. Han skriv vidare at det ikkje hadde vore mogleg å gjennomføre eit slikt arrangement utan alle som deltok.

Jørgen Helset og Arild Hole hadde ansvar for innskyting og framlegging av våpen. Her er det Fredrik som får siste instruksar.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info