Lokalnytt

Takkar for hyggeleg 70-årsdag.

Gode sambygdingar stod for 70-årsfesten til Inge Bjørdal. Frå venstre Geir Frøysa, Per Kristian Frøysa, Marit Hellebostad, Erna Hellebostad, og Peder Hellebostad.

Under eit privat arrangement på Sunnylvsbygda grendahus vart Inge Bjørdal feira i høve hans 70-årsdag av gode vener. Bjørdal kom uvitande der nær 80 var møtt fram.
Han ønskjer å takke mange, mellom dei Peder Hellebostad.

-Takk for ein ugløymande kveld på Sunnylvsbygda grendehus på bursdagen min 10. februar!
For meg kom feiringa totalt uventa, men eg er komen til hektene att. Å halde dette i løynd og at ingen i vanvare hadde forsnakka seg med så mange involverte, er ein prestasjon.

Dette var eit reint privat arrangement der nokre gode kameratar hadde gått ut med eit spørsmål til bygdefolket, familien, tidlegare kollegaer på Ås, lag og foreiningar og kommunen om dei hadde lyst til å feire dagen min med ei slik tilstelling. At mange deltok har sjølvsagt gleda meg stort.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at det har mått vore mange fleire enn dei tre kompisane som stod bak med alle helsingane, talane og blomane og overfloda av god, kortreist mat. Det er nok difor mange fleire enn dei som tok initiativet som skal takkast.

For meg vart dette i alle fall ein svært minnerik og fin kveld. I eit sitat (av ukjent opphav) heiter det:
-Gode vener er som gatelys langs vegen. Dei gjer ikkje avstanden kortare, men dei gjer det enklare å gå.
Eg kjenner at sitatet kan passe i dette høvet.

Tusen takk til alle som var med å gjorde for- og etterarbeidet, og til dei som ville dele dagen saman med meg!

Inge Bjørdal

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380