Lokalnytt

To nye, sterke løp av Kristine Hjellbakk Hole

Stafettlaget frå Lillehammer skiklubb som tok 4. plassen i NM: I midten står Kristine Hjellbakk Hole, Ida Ramstad heilt til venstre, og Thea Sørum.

Kristine Hjellbakk Hole er frå Sunnylven, men representerer Lillehammer SK i langrenn. I helga gjekk ho nye, sterke renn under U23NM på Veldre Sag Brumunddal.

Det vart gode 32 plass på 10 km klassisk og topp 20 (20 plass ) på 10 km fristil for Kristine Hjellbakk Hole i helga. Dermed vart det 10. plass totalt i U23NM . Kristine, som er Sunnylvsjente av opphav er første års senior og gjer bedre og bedre løp for Lillehammer skiklubb.
Også Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL var mellom deltakarane.

Gode i NM

Kristine Hjellbakk Hole har hatt ein god sesong sist vinter. Ho gjekk siste etappe for Lillehammer skiklubb under NM-stafetten på Gjøvik tidlegare i vinter, men der vart det diverre plassen bak medaljene for den gode langrennsjenta frå Sunnylven, Kjelsås IL vann NM-stafetten over 3 gange 5 km. , og på dei neste plassane som sikra medaljer kom Konnerud IL og Tromsø skiklubb.

Mellom Lillehammer skiklubb og Strindheim IL vart det kniving om fjerde plass heilt inn på målstreken. Der avgjorde Kristine Hjellbakk Hole den rivande duellen med 0.7 sekund.
Hole gjekk ei god siste-etappe for Lillehammer, og heldt unna for Berit Mogstad frå Strindheim IL. Ein flott 4.-plass for sunnylvsjenta i NM-stafetten og den beste plasseringa for Kristine denne gongen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380