Delt «siger» i påskequiz på Tronstad
4F og Die Mannschaft delte sigeren under påskequiz-en i Tronstad grendahus onsdag i påskeveka. På tredje plass kom Føkhaugen, berre eitt poeng bak.
Det vart spela to omgongar quiz på Tronstad grendahus onsdag i påskeveka. Fleire av spørsmåla gav meir enn eitt poeng, som høgast ag lavast av fire fjell og liknande.
Mange deltok i quiz-en også denne gongen med totalt 18 lag og frå fire til seks personar på kvart lag. Det vart trangt om plassen i grendahuset på Tronstad, men spanande timar så lenge det varte.
Og sjølv om lydnivået var litt høgt til tider trur vi at mange tykte det var ein triveleg start på påskeveka. Grendalaget bør halde fram med påskequiz som fast påsketradisjon, synest vi.
Her er resultat av påskequiz-en på Tronstad 2023; (Litt vanskeleg å tyde alle namn på meldinga)
4F 49
Die Mannschaft 49
Føkhaugen 48
Team Appelsinhaugen 42
Reservelaget 39
Litt Injafar 39
Fort Big Rock 38
Hente ei øl te mej 37
It`s coming hurtig 33
Mesternes Mester 32
Milfhønters 31
Team Quismasters 29
Godt og Blanda 28
Sitteunderlaget 27
Wobbej 25
Damene på vift 25
Dronning Elisabeth Underståtter 24
Raudkjakane 21