-Ei kjekke helg på Liatoppen

Fire løparar frå Sunnylven IL deltok under årets skiskyttarfestival på Liatoppen i ÅL, Hallingdal. Det var Emma Korsbrekke, Tuva Marie Korsbrekke, Oskar Ringdal og Trym Helset. Ei flott avslutning på årets skiskyttarsesong.
Tekst / foto: Tarjei Korsbrekke
Arrangementet gjekk veldig bra med 1026 løparar totalt. Fredag var det storstilt åpnings- og premieshow med landslagsløparane Ingrid Landmark Tandrevold og Tarjei Bø på scena. Dei delte ut autografar og stilte opp på selfiar med alle løparane.
Laurdag delte Ingrid og Tarjei ut premiar på premieshowet i etterkant av løpet. Eit flott opplegg som freista til gjentaking.

Fredag:
Fredag var prega av mykje skodde og vanskelege skyteforhold. Kun Emma Korsbrekke gjekk denne dagen. I skoddehavet traff ho 5 av 10 blinkar, noko som var eit godt skyteresultat denne dagen. Emma går i urangert klasse for Jente/gutar 10 år og yngre, men med oppgitt tid. Av 126 løparar hadde ho fredag den 11 beste tida. Det var også gjennomført stafett fredag, der vi dessverre ikkje hadde nok løparar til å stille lag. Men fleire av naboklubbane våre som Stårheim IL, Valldal IL og Markane IL gjorde sterke resultat på stafetten. Dette viser at det er høgt nivå i vår eigen krets.
Laurdag:
På dagens program var det sprint som stod for tur og den dagen då alle løparane frå Sunnylven IL skulle i aksjon. Skodda var vekke og var erstatta av lette snøbyger, men god sikt og gode løyper. Løparane gjorde gode renn og vart tatt i mot av enten Tarjei Bø eller Ingrid Landmark Tandrevold i målområdet. Tuva Marie fekk 1+1 bom laurdag og gjekk bra i sporet. Det resulterte i ein god 11.plass av 68 startande.

Søndag:
Søndag var det Normal-distanse for Emma og Tuva, mens Oskar og Trym gjekk fellesstart. På grunn av mange deltakarar vart klassane delt opp i fleire heat for fellesstarten. Både Oskar og Trym kom fyrst i mål i sine heat, noko som var veldig kjekt. Trym skaut feilfritt 0+0 noko som er veldig bra på ein fellesstart med ekstra press på standplass. Tuva skaut feilfritt 0+0 søndag og gjekk inn til ein ny 11.plass av 65 startande. Det var ikkje nybegynnerklasser denne dagen, så Emma gjekk ikkje.

Dette var ei veldig kjekk helg, både sosialt og sportsleg. Festivalen er eit bredde-arrangement som har høgt fokus på den sosiale biten med eit program som byr på gode opplevingar for både løparar og foreldre. Planen er å reise ned også i 2024. Man må være tidleg ute med både påmelding og bestilling av overnatting då det tidleg blir fullbooka. Vi satsar på ein felles overnattingsplass for løparar frå Sunnylven IL og håpar fleire vil være med neste år! Liatoppen Skiskytterfestival 2024 blir arrangert 12.-14. april.
