Fekk seg servert potetball på Josy-buda
Sunnylven pensjonistlag la april-utflukta si til Josy-buda på Kalvatn. Utflukta til låverastauranten på Kalvatn var den andre denne våren etter årsmøtet i februar.
Med buss frå Ingers Trans gjekk turen til låverastauranten Josy-buda på Kalvatn torsdag denne veka. Her vart det servert potetball og alt som høyrer med det gode måltidet, og med dessert og kaffi til slutt. Vertskapet på Kalvatn kan å servere det gode måltid, slik også denne gongen.
I alt 31 medlemer av Sunnylven pensjonistlag var med Ingers Trans på bussturen fram og tilbake til Hellesylt. Turen ein veg tek tre kvarter, og i restauranten i den ombygde låven var det dekka for servering. Eit rikt og godt måltid som vertskapet fekk velfortent applaus for .
Låverestauranten Josy-buda på Kalvatn er ein fin stad å besøkje. Her er god plass for parkering av bil og buss, og torsdag denne veka var det god temperatur og eit hyggeleg vertskap som tok i mot og serverte det beste av norsk tradisjonsmat.
Vi kan så avgjort anbefale eit besøk i Josy-buda, noko Sunnylven pensjonistlag har gjort fleire år på rad alt.
Under samlinga hadde Pensjonistlaget lagt opp til ei lita utlodding av 25 – 30 gevinstar.
Turen til Kalvatn vart ein ny, triveleg reise for medlemer i Sunnylven pensjonistlag på ein fin dag, ein tur som fleire av laget sine medlemer burde vore med på.
Vertskapet på Josy-buda med kokk Rolf Kobberstad nærmast.
Besøkte Strandaindustriens historie.
Også i mars var Sunnylven pensjonistlag på tur, den gongen til Stranda og den nye utstillinga for Strandaindustriens historie. Også 22. mars var det avreise frå Hellesylt med buss, og der vel 30 medlemer var med.
Det vart ei fin omvising i dei tidlegare P. I.-lokala i sentrum av Stranda, og der Helge Søvik og Reidar Lunde var omvisarar i den store og «talande» utstilling av møblar, bilder og store og små gjenstandar produsert av Stranda-industrien.
Etter omvising vart det servert fiskesuppe med brød på restaurant Havsiden (gamle Maro).
Tur til Trandal, og jonsok på Hellesylt.
Og vi minner om at 24. mai går turen for Sunnylven pensjonistlag med privatbilar til Leknes ferjekai, og der i frå med båt til Christian Gaard Bygdetun på Trandal.
På Trandal kan ein sjå seg om, det blir servering av middag, og vertskapet har lova sanne og «litt på spissen»-historier frå området.
Påmelding til Astrid eller Odd Jostein innan 19. mai.
På fredag 23. juni er det jonsokfeiring i trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter. Her blir det lette og glade sommartonar av Oddvar, Knut og Bjarne, og i tillegg tombola.
I tilfelle «fylever» vert arrangementet på Sunnylven kyrkjelydshus.