Lokalnytt

Fint påskever

Preparert løype på solsida i Langøylida. (Foto: Trond Åge Dyrkorn.)

Det går mot brukbart ver i påska i Sunnylven. Yr.no melder sol, opphald og gode varmegrader den fyrste del av påskeveka.

I Langøylid og i området ved Terdalen ligg snøen og ventar på påskeskituristane. Der har Sunnylven IL sine køyrarar av trakkemaskina gjort løypene klare for skigåarar.
På sørsida mot harerustene og Muldsvorhornet er det køyrt opp ei løype på ca. 1700 meter. På andre sida, på solsida der hyttefolket har slått seg til er ei løype på rundt 2.0 km., fortel maskinkøyrar Trond Åge Dyrkorn. Han håper mange nyttar påska til fine skiturar.
Og når vermeldinga lovar godt ver med sol, i alle fall dei fyrste dagane er det berre å glede seg til ei fin påskeveke i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380