Flott fotballkamp av J 13.

Framme målvakt Tonje.
Søndag 16. april opna fotballsesongen på Hellesylt stadion. Først ut var J13-laget til Sunnylven som møtte Vanylven 2., og her vann heimelaget 7 – 2.
Det har blitt få fotballtreningar så langt på jentelaget til Sunnylven. Skisesongen vart avslutta med premiefest for Sunnylvscup på ski i påska, så etter då har det blitt fotballtrening. Søndag jobba jentene på Sunnylven godt og vann ein klar siger i årets fyrste kamp.
Laget hadde berre åtte spelarar til kampen då Tuva Marie Korsbrekke var deltakar under skiskyttarrennet i Ål i Hallingdal. Som ekstra spelar vart 11 år gamle Fredrik Fivelstad Stadheim henta inn.
Kampen var jamn mellom dei to laga, men heimelaget var kvassast i avslutningane framfor mål og skåra heile fire gonger i fyrste omgang. Gjestane frå Vanylven greide ikke overliste Tonje i Sunnylven-målet i denne omgangen.
Mål for Sunnylven i fyrste omgang vart donka inn av Tora Kvamme Rusten (2), Ingeborg Fivelstad Stadheim og Olivia Frøysa Hånes.
Mange mål også i andre omgang
I andre omgang heldt spelet fram med sjansar til begge lag, og også då var det Sunnylven som laga nettsus med det første målet, til 5-0 ved Ingeborg.
Deretter lukkast også gjestane frå Vanylven, ikkje berre ein gong, men to og stillinga vart 5-2.
Men Sunnylven var best og kvassast, for Tora la fyrst på til 6-2 etter flott forarbeid av Fredrik, før ho igjen sette ballen bak gjestane sin målvakt nok ein gong.
Kampen enda med siger 7 – 2 til Sunnylven, eit flott resultat som bør inspireree til meir trening og nye kampar.
Spelarane på Sunnylven J13 viste mykje flott fotball, det var artig å følge med på innsats, viljen til å vinne ballen, og sjå gode tendensar til samspel. Laget har mange spelarar som er under 13 år, men innsatsen var større enn alder denne gongen. Det gav årets fyrste siger til laget.
God dommar var Birger Breivik, Volda.
Nye kampar
Søndag 23 april spelar Sunnylven J13 på bortebane mot Vanylven 1, før det blir ny kamp på Hellesylt stadion mot Herd 2 tysdag 2. mai..