Lokalnytt

Grendakveld med mykje moro

Laurdag 1. april var Grendakvelden med program, servering og dans tilbake på Hellesylt. Til Sunnylven samfunnshus kom meir enn 250 for å sjå Sjøarane i skjemt og litt alvor frå scena.

Hellesylt Ungdomslag er arrangør av fleire store kveldar i Sunnylven, ein av dei er grendakelden der dei tre bydelaga i Sunnylven, Dalen, Bygda og Sjøarane står for underhaldninga.
Koronapandemien har gjort at det har vore opphald av dette arrangementet i fire år, men laurdag 1. april var alt i gong igjen. Då var det Sjøarane som bidrog med ein lystig programdel i Sunnylven samfunnshus.

Og lat det vere sagt med ein gong, amatørane frå Hellesylt sentrum og omland skuffa ikkje, Morotimen frå scena låg meir på eit profesjonelt plan enn det ein fullsett samfunnshussal hadde forventa. Dei var knakande gode!!

Fire musikarar i Fossedur sytte for gode musikkinnslag.

Programmet på grendakvelden opna og avslutta med musikk og song av Hellesylt sitt gode danseband Fossedur. Dei kunne gjerne ha spela meir.
Så heldt programmet fram med ei forteljing slik Oddgeir Bruaset ville gjort det. Kanskje litt meir greinalaust enn den erfarne NRK-journalisten ville ha sagt, men poenga om staden og folket på Hellesylt flaut likevel fint i hop, og høgda stemninga i salen mykje.

Programmet til «Sjøarane var sett saman av mange enkelsketsjar, vi mangla kanskje ein tråd omkring eit tema, men grendakvelden vart like fullt ei morostund for dei fleste.
Som då vi fekk møte nordlandskokken som etter hans syn baud på fleire gode rettar, men noko gjesten ikkje såg ut til å svelge like lett.
Også damene på Hellesylt var samla i godt lag og der gjekk praten om alt, men helst ingen ting av større betydning, berre at konklusjonen vart, -ja, vi elsker bygda vår-.
Der i mot vart det meir handling og resultat av det «nye» legekontoret som var innført på Hellesylt. Fleire fekk behandling av sine plager sjølv om der ikkje var lege, men ei maskin som svara på spørsmåla og gav råd, noko ikkje pasientane tykte var så gode.

Vi fekk også møte to i sentrum av bygda der dei showa med både eitt og hint, og konkluderte med , -ja, vi elsker bygda vår-.
Ja, det var mykje showprega underhaldning denne fyrste grendakvelden på fire år. Men vi trur ein fullsett samfunnshus-sal vart godt nøgde med det som vart servert. For på scena kom mange gode  aktørar i meir enn nitti minutt som programmet varte.

Grendakvelden og «Sjøarane» avslutta i samla tropp med ein song med litt omarbeida tekst av Jan Teigen. Songen Optimist med tru på framtida var vel den viktige ein slik kveld, fire år etter siste grendakveld på Hellesylt. Det var også ei tekst som høvde for dei mange dyktige og deira heimstad. Og strofa som stadig gjekk igjen var -så lenge vi lever er vi optimist-.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380