Lokalnytt

Helsetkopen nominert til «Location of the year”.

Hausten 2020 vart Helsetkopen brukt som lokasjon for den komande Mission Impossible-filmen «Dead Reckoning Part One». Motorsykkelstuntet som vart spela inn på Hellesylt blir vurdert som eit av filmhistoria mest komplekse og mest spektakulære.

Screen International har no publisert kandidatane til «Global Production Awards» som skal delast ut i forbindelsen med filmfestivalen i Cannes. Her er Helsetkopen nominert i kategorien «Location of the year» og i kategorien «Outstanding Use of Location».

Global Production Award blir arrangert av Screen International. For å kome i betraktning til desse prisane er det avgjerande at produksjonen har sterkt fokus på berekraftig arbeid, mangfald og sikrar at lokale økonomiar dreg nytte av produksjonen som finn stad i deira lokalsamfunn.

Vinnaren vert kunngjort 22. mai 2023.

«Mission Impossible – Dead Reckoning Part One» har premiere i USA 14. juli 2023.

Les meir på :

https://vestnorskfilm.no/nyheter/nominasjoner-til-rauma-og-helsetkopen

https://www.globalproductionawards.com/

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info