HUL-dansarar gleda bebuarar på omsorgssenteret
Det var tett med tilskodarar både i glasa og på verandaer på Sunnylven omsorgssenter onsdag. På plenen i Trivselshagen kom unge dansarar frå Hellesylt UL og underheldt.
Unge og kvikke dansarar møtte opp då dansegruppa i HUL tok turen til Sunnylven omsorgssenter på sein onsdag denne veka. I sola på plenen framfor omsorgssenteret vart det både friske dansemelodiar og lette dansesteg frå dei unge, ein rett så kvikk og trivleg time med innslag for både dei fastbuande og andre som kom for å sjå på.
Dansegruppa i HUL førebur seg til 17. mai, til folkedans under programmet på nasjonaldagen på Hellesylt. Dei har starta øvingane og kjem med mykje bra på festdagen i mai etter det vi fekk sjå ved Sunnylven omsorgssenter.
Også fleire av bebuarane ved institusjonen fylgde med på musikk -og dansetrinn ute på plenen ved omsorgssenteret der framsyninga varte godt ein time.
Der var også innslag utan musikk, men med song og dans som fekk velfortent applaus av dei frammøtte.
Dei klappa nok for opptedenen også inne i daglegstova ved heimen, og vi trur dei gleda seg over den trivelege stunda.
Dansegruppa i Hellesylt UL er i rute til 17. mai.
Det var både varmt og litt slitsamt å danse så lenge i det fine veret, sa leiar i dansegruppa i HUL, Wenche Høgalmen Ringdal. Men det var kjekt å vere i gong igjen og spesielt kjekt at dei var så mange dansarar, tykte ho.
Då siste dans var slutt takka leiar i pårørandegruppa ved omsorgssenteret, Ruth Hole Aaland leiarar og dansarar frå HUL for underhaldninga som ho var sikker på hadde gleda mange av bebuarane ved heimen. Ho hadde med blomar til dei tre leiarane som vart overrakt av tre av dei aller yngste dansarane til Wenche Ringdal, Marthe Hjellbakk Hole og Lone Ringdal.