Lokalnytt

«Ikkje køyr ombord !»

Å dirigere ferjetrafikken på Hellesylt krev «sin mann», og som bør ha god konsisjon.

Innslaga under programmet på «Sjøarane» sin grendakveld laurdag var mange og gode. Ein av aktørane som vi tykte imponerte var Magne Brekke.

«Ingen køyrer ombord i ferja før eg seier ifrå!; Køyr om bord i ferja!»
Det var beskjeden som karen frå HT Bygg gav i starten av innslaget. Så bar det laust med musikk og dans frå arkitekten.

Magne kan meir enn å teikne hus, for på scena under «Sjøarane» sin grendakveld var han med på fleire innslag, han dansa til musikk i rolla som ein slags trafikkdirigent for ferjetrafikken på Hellesylt, og han var innom det automatiske legekontoret på Hellesylt for sjekking av diverse!
Strålande levert i fleire gode innslag under Grendakvelden på Hellesylt 1. april.

og der var siste bil ombord…

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380