Innertier for X2-arrangement
Bygdaelva fossa med 6.5 m3 /sek på laurdag. Det gav friske forhold for elvepadling for x2-festivalen som fullførte arrangementet i Steimsåsane.
Det var god deltaking i elvepadling under x2-festivalen i år. Mellom 20-30 deltakarar var påmeldt og dei fleste sette utfor fossefalla i Steimsåsane. Den friske turen gjekk frå toppen nær Øie bru til inntaksdammen for Stadheim kraftverk.
Dit kom dei fleste trykt i mål, men nokre måtte i det «våte element» og symje til land etter velt i dei friske fossefalla. Men det gjekk bra med alle, og arrangøren hadde også mannskap langs heile elvestrekninga som hjelpte uheldige.
Sindre Kiviranta leia elvekonkurransen under X-creek i år. Før start samla han alle deltakarar til informasjon om konkurransen og «løype». Han hadde full kontroll.
-Heilt supert vellukka, ein innertier, seier han på telefon etter at siste mann var i mål i kajakkonkurransen.
I alt tre damer og 15 mann fullførte. Dei tre beste i kvar klasse får premiar under festivalen sitt arrangement i Volda seinare same dag.
Ikkje alle kom i mål i konkurransen etter at det vart velt i fossestryka ned Steimsåsane. Ingen vart skada og kom i land utan skrammer.
Det var tre damer og femten menn som fullførte , for I tillegg til dei som velta trekte ti deltakarar seg frå konkurransen då dei tykte vassføringa var for stor med 6.5 m3/sek.
Til dei tre beste i kvar klasse blir det delt ut premiar.
Det var eit greitt arrangement, ein innertier, seier Sindre Kiviranta. Om x2-festivalen kjem tilbake til Bygdaelva neste år veit han ikkje. Det er avhengig av vassføringa som kan variere mykje på denne årstida. Men i år var det kjempebra, tykte han.