LokalnyttLokalsport

Ny siger til J13

Trenar Lillian Aasheim gir sine instruksar i pausen.

Sunnylven sitt J13-lag tok nok ein siger då laget gjesta Vanylven søndag. Det var ein jamn og tett kamp og Vanylven 1 leia både 1-0, 2-1 og 3-2. Men til slutt var det bortelaget som tok med seg alle poenga heim. Det stod 2-2 til pause. Kampen vart spela innandørs i Vanylvshallen.

Dette var ein flott lagsiger av Sunnylven.

Måla til laget vart scora av Ingeborg (4) og Tuva Marie (2). Dette var Tuva sine to fyrste mål for Sunnylven !

Det var surt ver søndag så det var fint å kunne spele kampen innandørs.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info