På tur til Andakroken.
Påsketuren langfredag vart både på ski og til fots for mange i Sunnylven. Ein av dei fine turane gjekk til Andakroken.
Sunnylvsfjorden låg blå og blank så langt auge kunne sjå langfredag. Det var ein vakker soldag over Sunnylven, og som mange nytta til både lange og korte turar på ski eller i tursko.
Andakroken ved Sunnylvsfjorden er ein av fleire korte turar til fots. Langfredag la fleire turen dit etter råsa som går frå det fyrste rasoverbygget på «gamle» Ljøvegen og ned til fjorden. Her har engasjerte medlemer i Sunnylven IL laga god rås for turgåarar, både unge og eldre.
På turen til Andakroken frå det fyrste rasoverbygget går turråsa i svingar nokre hundre meter ned til fjorden, brattast i fyrste delen. Så flatar det ut på delevis gras og steingrunn.
Og her møtte vi fleire på langfredag, det var tydeleg eit godt alternativ for dei som let skia få kvile denne dagen. Og fin tur var det i påskesola.
Ta gjerne turen du og, litt bratt og litt flatt, men ein påsketur for både store og små, unge og eldre.