Planlegg for rib-sesongen

Christian Radich ved kai på Hellesylt.

Det går mot sommar og ein ny sesong på fjorden for opplevingsselskapet Bonseye. På cruisekaia på Hellesylt blir detaljer for sesongen planlagt, der også skuleskipet Cristian Radich hadde ankra opp måndag.

Vi var innom Hellesylt cruisekai måndag der skuleskipet Cristian Radich som låg for å fyllwe opp med vatn på tankane. Rundt 60 m3 vatn skulle om bord, noko som tok si tid med tapping frå ein 1.5 tommar tjukk slange.

Der møtte vi også mannskap frå opplevingsselskapet Bonseye som var i gong med planlegging av båtsesongen på fjorden. I alt seks ribbåtar skal selskapet drifte i sommar, to av båtane nyutvikla for sesongen.
Etter det vi forstod i praten vår blir det meste av trafikken i Geiranger, men også Hellesylt blir base for selskapet. Og nytt av året blir Hornindalsvatnet i samarbeid med Havila. Her skal «Grøn vilje», ein av dei to nye rib-båtane plasserast og frakte turistar kring om på Europas djupaste innsjø.

Bonsaye stiller med nye ribbåtar både på Synnylven / Geirangerfjorden, og på Hornindalsvatnet i sommar.

Men det er på fjorden mellom Geiranger og Hellesylt det meste vil foregå også komande sesong.  Her blir det miljøvenleg drift med elektriske båtar, men laddekapasiteten i Geiranger er alt for dårleg, så her har selskapet leigd seg ekstra kapasitet.

-Vi har fått tildelt 22 KW av det faste nettet til ladding i Geiranger, noko som er alt for lite. Det gjer at vi leiger ein Power-bank for å skaffe oss nok laddekapasitet, noko som fordyrar drifta mykje for oss, seier Frank Ole Bonsaksen i selskapet.
Planen var å nytte to nye ribbåtar i Geiranger, men med dei straumproblema som bygda har blir det berre båten som har fått namnet «Grøn kraft». Denne ribbåten var fyrst ferdig, men seinare kjem truleg ein til, seier Bente Bonsaksen.

Frank Bonsaksen er lite nøgd med situasjonen i Geiranger.
-Det er banalt å snakke om 0-utslepp her når ein nesten ikkje har kapasitet til å ladde ein el-bil, då er det for dårleg, vi er taparar ute i bygdene, seier han.

På Hellesylt fekk elevar frå Sunnylven skule kome ombord i Christian Radich. (Foto: Marit Hellebostad)

Ved djupvasskaia på Hellesylt låg Cristian Radich, skuleskipet med høge mastre for segling, men også med motorkraft for framdrift.
Det var ferskvatn som vart tappa om bord ved kaia på Hellesylt. Tidlegare sama dag var elevar frå ei av yngste klassestega ved Sunnylven skule om bord på ei lita synfaring. Ei flott oppleving for alle, fekk vi oss fortalt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380