Samling i kyrkja skjærtorsdag
Det vart ein vakker time i Sunnylven kyrkje med tekstlesing, song og orgeltonar på skjærtorsdag. Berre alt for få kom til kyrkja på sein ettermiddag denne dagen.
Det vart både tekstlesing og mykje vakker song og musikk i Sunnylven kyrkje på skjærtorsdag. Den faste presten Ann Kristin Langeland var oppteken i andre kyrkjer denne dagen, men like fullt kom påskebodskapen godt fram gjennom tekstlesing og mykje vakker song.
Janne Frøysa Hånes hadde fått jobben med å leia gudstenesta i Sunnylven kyrkje på skjærtorsdag. Ho takla «presterolla» og las tekstar som handla om påska og det som skjedde i dei dagar for rundt 2000 år sidan.
Janne Frøysa Hånes har vore lærar ved Sunnylven skule, men no gjorde ho tenest på framifrå måte i ei anna rolle.
Og påskegudstenesta skjærtorsdag baud på meir. To unge jenter, Ingeborg Fivelstad Stadheim og Olivia Frøysa Hånes, begge 13 – 14 år baud på song til akkompagnement på piano av organist Gunnar Inge Eide. Det vart stemningsfullt og vakkert, nesten synd at ikkje meir enn knappe tretti frammøtte fekk høyre innslaga.
Like imponert vart vi av Kristin Storstein som også song så vakkert, den eine songen med litt koring av musikar Eide til slutt.
Gudstenesta i Sunnylven kyrkje varte i ein god time. Vi trur mange fleire hadde hatt glede av å kome til Sunnylven kyrkje skjærtorsdag. I alle fall var vi mellom dei som gleda oss over den vakre timen i den høgreiste kyrkja.