LokalnyttLokalsport

Snart klart for seriestart.

Bak frå venstre: Tora, Olivia, Siv-Anita, Tonje og Ingeborg. Framme frå venstre: trenar Lillian Aasheim, Siril og Therese. Marta og Tuva Marie var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Det er like før fotballen startar å rulle på Sunnylven stadion for sesongen 2023. Fyrste kamp i vårsesongen er fyrstkomande søndag 16. april. Då møter Jenter 13 Vanylven 2 til dyst. Kampen startar kl. 14.00. Det er eit nykomponert lag trenar Lillian Aasheim har til disposisjon. Nokre erfarne spelarar er ikkje med laget i år og opp har laget fått tre spelarar frå yngre lag, Siril, Therese og Tuva Marie.

Vi håpar at publikum møter opp og støttar laget i kamp om poeng på søndag.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info