Lokalnytt

Store snøras i Holedalen

Elleve mann, fotografen i tillegg kalka dei store fonnene i Holedalen for å få i gong raskare snøsmelting. Her er det tid for kaffipause i arbeidet. (Foto: Peder Hellebostad)

Det blir sein opning av vegen til Holedalen i Sunnylven. Fleire store snøras sperrar vegen midt i dalen ved Litlesætra.

Snøen som kom i mars førte til fleire store snøras i Holedalen. Etter synfaring like før påske vart det registrert tre store snøras som har gått over vegen midt i dalen, i nærleiken av Litlesætra. Det fortel Peder Hellebostad som saman med grunneigarar og fleire andre har inspisert og gjort tiltak for raskare snøsmelting.

Det er svære greier, seier Peder Hellebostad som meinar at den fremste fonna var minst ti meter høg. Då vil det gå nokre veker før vegen kjem fram og er køyrande igjen. Han trur både april og mai vil ta slutt om det ikkje blir sett på gravemaskin for å kome gjennom.
Det blir truleg gjort, kjenner vi bøndene i Holedalen rett.

Nyleg var elleve mann fram til fonnene og kalka med svart kalk. Det hjelper godt på snøsmeltinga, seier Peder Hellebostad. Han håper sjølvsagt at også temperatur og regn skal hjelpe på slik at dyr og folk kjem seg til sæters i rimeleg tid også denne våren.
I Holedalen er store oppdyrka områder for grasproduksjon som må stellast og gjødslast, og i juni er det tid for også å sleppe beitedyr i sætrehamna i Holedalen.

Det er høgt til toppen av denne fonna, kanskje 10 meter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380