LokalnyttLokalsport

Storsiger til G13.

G13: bak frå venstre: trenar Eivind Louis Helset, Ingeborg, Trym, Kristen og Sander. Framme frå venstre: Jakob, Elias, Kai Adam og Fredrik.

Sunnylven G13 starta sesongen på beste måte når dei møtte Gjerdsvika / Gursken på bortebane tysdag.

Laget tok leiinga allereie i det fyrste minutt då Jakob scora på eit langskot via ein motstandar. Sander auka leiinga 3 minutt seinare på eit skot frå 8 meter. G/G reduserte og utlika til 2-2 før Trym lagar tre mål på rad, eit av desse ein corner direkte i mål. 3 minutt før pause scorar heimelaget etter at dei plukkar opp eit utkast frå keeper. I omgangens siste minutt scorar Fredrik med eit velplassert venstreskot etter at G/G ikkje maktar å klarere etter corner. Dermed 3-6 leiing til bortelaget ved pause.

I andre omgang scorar Sunnylven tre fine mål. Fyrst er det fint spel ute til venstre. Trym stikker ballen til Jakob som set den kontrollert forbi keeper. Fredrik scorar på ein lobb over keeper frå ca 15 meter og Trym går frå eigen halvdel og dunkar ballen i mål. G/G reduserar deretter to gongar. I sluttminutta vert Ingeborg flytta fram som spiss. Ho dunkar ballen fyrst i stolpen før ho rett etterpå driblar seg fram til dødlinja og serverar Kristen på 5 meter. Han set punktum med ei kontrollert avslutning i hjørnet. Dermed 5-10 siger til Sunnylven.

Kampen tysdag gjekk på River Plate stadion.

Sunnylven mangla Oskar og Johannes til denne kampen, men viste mange fine kombinasjonar og godt spel som lovar godt for årets sesong.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info