Lokalnytt

Stort frammøte på påskebingo

Dei aller fleste som hadde delteke i Sunnylvscup på ski var møtt fram på samfunnshuset tysdag kveld. Her er dei samla på scena etter premieutdelinga.

Påskebingoen med premieutdeling for Sunnylvscup på ski vart godt besøkt. Her vart også rundt 60 unge skiløparar premierte for deltaking i cuprenn både for 2022 og 2023.

Det vart svært så folksamt under premiefesten for Sunnylvscup på ski tysdag i påskeveka. Både den store og den vesle salen i samfunnshuset var godt besatt av unge og litt eldre løparar og bingospelarar. Her var dei fleste som hadde delteke i Sunnylvscup på ski sist vinter.

Det var premieutdeling også for vinteren 2022 då det ikkje vart arrangert påskebingo det året grunna korona-pandemi.

Linn Kammen og Magnar Tufte Tyssen stod for utdeling av medaljer til løparane. Innleiingsvis takka dei to for det gode frammøtet som cupen hadde hatt både i fjor og vinteren i år. Dei retta også takk til mange andre, løparar som hadde delteke, løypekøyrarar, tidtakarar, til hjelparar i kiosken, og andre som hadde bidrege til å få fleire skicup-arrangement trygt og godt i hamn.
Deretter var det utdeling av gullfarga medaljer, både for i fjor og i år. Rundt 60 jenter og gutar hadde delteke i cupen begge åra, og no fekk dei sine bevis på fullført deltaking.

Skicupen med bingo er eit stort arrangement kvart år i påskeveka. Slik vart det også denne gongen med fulle salar i heile Sunnylven samfunnshus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380