Lokalnytt

Sunnylven skule i Veslefrikkfinalen 2023

Sunnylven skule og fem andre er i musikkfinalen Veslefrikkprisen 2023. -Eit godt arrangement, rett og slett- skriv juryen om det innsendte bidraget.

-Dette er ein feiande og fengjande låt, med flotte melodiar og akkordar. Forma fylgjer ein velprøvd popstruktur. Delane i låten er tydelege og velutvikla, akkurat passeleg kontrasterande, og viser god gjenbruk av t.d. rytmiske og melodiske motiv. Det fine mellomspelet er eit godt døme på dette. Eit godt arrangement, rett og slett.
Slik står å lese frå juryen si tilbakemelding om 5. til 7. klassetrinn ved Sunnylven skule sin komposisjon til musikktevlinga.

Det er 5. til 7. klassetrinn ved Sunnylven skule i lag med fem andre skular som er deltakarar i årets Veslefrikkprisen og trekt ut til finalerunde etter at dei har sendt inn sine musikalske bidrag.
Sunnylven skule har vore fast leverandør av musikalske komposisjonar til tevlinga Veslefrikkprisen i mange år og har gjort det svært bra. Alt tydar på at dei kjem høgt også denne gongen, for komposisjonen er mellom fem andre finalistar i den gjeve musikkonkurransen, og får god omtale av fagjuryar.
Dei fem andre er; Tonshagen skole, Opedal skule, Hystad skule, Sagdalen skole, og Hebekk skole.

-Høyrer uttrykksbehov

-Skapia ønsker å ta barn og ungdom på alvor. Vi vil høre det uhørte – den musikken de bærer i seg og som reflekterer deres eget uttrykksbehov. Derfor bestemmer ikke vi tema eller sjanger for det dere leverer til Veslefrikk eller U-trykk. Og vi slutter aldri å la oss forundre og begeistre over hvor mye fin og forskjellig musikk som kommer inn hvert år.

Hvem som tildeles Veslefrikkprisen og blir vinnar av den andre konkurransen, Årets U-trykk 2023 vil bli avslørt under konserten og prisutdelingen som finner sted i NRK Store Studio fredag 5. mai kl. 12:30. Vinnerne får spille sin egenkomponerte musikk sammen med Kringkastingsorkesteret (KORK).

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380