Lokalnytt

Vellukka familedag for 4H.

Torbjørn og Jeshan i Airhockey.

Sola skein og det vart ein super dag når Fjellrosa 4H inviterte til familiedag på Sunnylvsbygda grendahus laurdag 22. april. Klubben hadde lagt opp til aktivitetar både ute og inne som born og vaksne kunne gå mellom.

Nytt for året var smoothie-sykkel. Her kunne borna lage sin eigen smoothie på ein sykkel. Dette var ein svært populær post.

Her er det Olivia og Ingeborg som lagar seg smoothie.

Ute kunne ein mellom anna vere med på aktivitet med gel-blaster, stige-golf og hesteskokasting.

«Guttelaget» gjer seg klar til «kamp».

Innendørs vart det arrangert biljardturnerning og ein kunne spele bordtennis, airhockey eller vanlege brettspel.

Torbjørn (til høgre) og Per Olav trekker innledande rundar i biljardturneringa.
Erle forsøker seg på Stige-golf
Djup konsentrasjon må til når ein skal spele Jenga.
Kai Adam og Fredrik utkjempa eine semifinalen i buljardturneringa.
Vilde og Sofia Kristina kosar seg med Monopol.

4H serverte pølser med brød til alle som ville ha. Dette var eit gratisarrangement som var sponsa av Gjensidigestiftelsen.

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info