Lokalnytt

X2-festivalen til Bygdaelva

Laurdag 22. april kjem X2-festival til Bygdaelva i Sunnylven. Her møtast damer og menn i konkurranse i X-Creek, beste tid med kajakk frå toppen like forbi Øie bru til inntaksdammen for Stadheim kraftverk.

Også i år ligg Bygdaelva i Sunnylven der og lokkar på friskusar i kajakkar ned elvestruka i fyrste del av fossefallet i Steimsåsane. Her blir det kajakkonkurranse laurdag 22. april i samband med X2 -festivalen i Volda/Ørsta.

Mykje tyder på at det blir flotte forhold i Bygdaelva i år. Ikkje for mykje og heller ikkje for lite vatn sjølv om veret har ført til at vassmenda er sterkt redusert. Men svaberga i elvestryket er blankslipa etter årtider med vassføring, og der er lite steingrunn i strekninga som det blir konkurrert i.
Vi trur det blir like og reelle forhold for alle deltakarar og ønskjer alle friskusar, både damer og menn velkome tilbake til Bygdaelva i Sunnylven.

Det er Sindre Kiviranta som leiar konkurransane i Steimsåsane i Bygdaelva. Start er klokka 14.00 laurdag 22. april.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380