LokalnyttLokalsport

4-1 mot Hasundgot.

Sunnylven J13 tok nok ein siger på Hasundgot kunstgras. Frå venstre ser vi Marta, Ingeborg, Oliva og Siv-Anita.

Sunnylven J-13 tok nok ein siger når dei gjesta Hasundgot mandag ettermiddag.

Siril scora allereie i kampens fyrste minutt etter klabb og babb framfor mål etter hjørnespark. Deretter ulikna heimelaget ca 10 minutt seinare. Også Sunnylven sitt andre mål kom etter corner. Tora slo ballen inn framfor mål og keeper vart pressa til å slå ballen i eige mål. Deretter scora Ingeborg på eit langskot til 3-1. Det vart også pauseresultatet.

I andre omgang hadde Sunnylven dei fleste sjansane, men det vart ikkje meir enn eit mål til. Eit langt oppspel vart lagt tilbake og der kom Tuva Marie og dunka ballen ned i høgre hjørne utagbart for Hasundgot sin keeper.

Sunnylven viste fleire tendensar til godt spel, men litt unøyaktigheit i avslutningsfasen førte til at det ikkje vart fleire mål.

Neste kamp for J13 er etter terminlista mot Hareid 23. mai. Denne kampen går på heimebane så her er det berre å møte opp !

 

 

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info