Lokalnytt

Billettar til konsert med Odd Nordstoga i sal.

Billettar til kyrkjekonserten under Sommardagane på Hellesylt med Odd Nordstoga er no i sal.

Musikar, songar og komponist Odd Nordstoga kjem til Sommardagar på Hellesylt og konsert i Sunnylven kyrkje fredag 7. juli.

Det er Odd Nordstoga som kjem med konsert i Sunnylven kyrkje under Sommardagar på Hellesylt fredag 7. juli. Billettar til konserten er no i sal på butikkane Joker og Coop Marked på Hellesylt, og på Tikkio.

Odd Nordstoga er ein av dei kjente songartistane i Norge. Han kjem frå Vinje i Telemark og er blitt ein soloartist som har vunne prisar i fleng.

Alt i 2004 vart han kåra til årets Spelemann då han også gav ut plata «Luring».
Kanskje vart han enno meir kjent for songen om -den hylande grisen-, ein song han sjølv har laga tonen til, med tekst av forfattaren Ragnar Hovland.

Etter år med corona-pandemi er det klart for ein ny konsert med ein kjent og etterspurd artist i Sunnylven kyrkje. At arrangøren av Sommardagar på Hellesylt har «hekta» inn Odd Nordstoga trur vi er eit godt val som vil samle fullsett kyrkje.
Så ver ute i god tid og sikre billettar til årets konsert på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380