Dans med Kjetil Grodås 17. mai.

På Hellesylt blir det dans på 17. mai. Og tonar til danseglade i Sunnylven samfunnshus på nasjonaldagen leverer Kjetil Grodås frå Hornindal.
I Sunnylven samfunnshus arrangere Hellesylt Ungdomslag dans om kvelden 17. mai. Musikk til alle danseglade blir ved Kjetil Grodås, Hornindal sin eigen «Elton John» som spelar frå 22.00 til 02.00, opplyser arrangøren.
Det blir open kiosk under arrangementet med sal av forfriskningar.
Drosje i bygda 17 mai.
Vi har fått opplyst at drosjer frå Ingers Trans vil vere til stades på Hellesylt på 17. mai kveld, så om nokon treng drosje er det berre å kontakte selskapet