Lokalnytt

Fjellrosa 4H med aktivitetsveke for medlemane

På Kristi himmelfartsdag, torsdag 18 mai hadde 4H-klubben Fjellrosa medlemsmøte. Det var utemøte på badestranda på Hellesylt med spel og leikar, og rib-turar på Sunnylvsfjorden.

Fjellrosa 4H har 25 medlemer og dei aller fleste var samla på badestranda på Hellesylt då klubben hadde medlemsmøte torsdag 18. mai. Her var berre klubbmedlemer denne gongen, i motsetning til tidlegare møter der også andre hadde vore invitert.

Ein del av medlemane i Fjellrosa 4H samla ved grillen på badestranda på Hellesylt. Bak til venstre Per Olav Frøysa Hånes, og til høgre Silje Stadheim.

Medlemane i Fjellrosa 4H styrer seg sjølve, men har dyktige klubbrådgjevarar. Silje Stadheim er klubbrådgjevar A, og Per Olav Frøysa Hånes er klubbrådgjevar B.  Begge var til stades med gode råd på torsdag.
Her var det også fristande servering med grilla pølse og brød med siste års 4H-ar Emil Frøysa som grillsjef. No var han heimom ein tur frå skuleskipet Gann som han har segla med både til Tyskland, Danmark og på Norskekysten.
Under medlemsmøtet var det også gjennomført konkurranse i skyting med lightversjon av paintball, og det vart Rib-turar for alle på fjorden med selskapet Bonseye og Ole Hjalmar Bonsaksen som båtførar.

Fyrste Rib-tur er unnagjort og passasjerane skal på land til servering, mellom anna til grilla pølser

-Vi får spandert rib-turar på alle medlemane denne gongen i 4H si aktivitetsveke. Turane blir støtta av Gjensidigestiftinga, fortalde klubbrådgjevar Silje Stadheim.
Og turane gjekk i stor fart ut Sunnylvsfjorden til Ljøen og vidaren inn i Geirangerfjorden, før retur mot Hellesylt. Ein liten sving bortom Åsneset til slutt før rib- båten Sunnylvsfjord la til i småbåthamna for å setje av, eller ta om bord nye, unge passasjerar.
Dyktig båtførar var Ole Hjalmar Bonsaksen. Han informerte også godt om sikkerheit før turen.

Ole Hjalmar Bonsaksen, til venstre i båten informerte godt om sikkerheit og reglar ombord på sjøturen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380