Lokalnytt

Fredar elveutløp for laksefiske

Ved utløpet av Korsbrekkeelva blir det forbode å fiske etter laks i ei lengd av hundre meter.

Det er kome nye forskrifter om laksefiske som fredar elveutløp for fiske. I Sunnylven gjeld vedtaket for både Langedalselva og Korsbrekkeelva.

I Hellesylt, Stranda kommune får deler av vedtaket frå Statsforvaltaren i Møre & Romsdal verknad for Langedalselva og Korsbrekkeelva. Det gjeld i eit sjøområde innafor ei rett linje trekt frå Åsneset i søraust til punkt ved sjøen (500 meter utanfor vegkryss) i nordvest.

Sona som forbodet mot laksefiske og forskrifta gjeld for er ei strekning på 100 meter frå elvemunningen ut i sjøen. Her blir alt fiske forbode med unnatak for stong frå land.
Her er det i enkelte fjordar også unnatak for fiske etter ein del anna saltvassfisk i Møre & Romsdal.

I forskrifta går det fram at mellom anna garn skal senkast minst tre meter under overflata, og Statsforvaltaren kan stoppe fiske i visse soner om det er naudsynt for å sikre det anadrome laksefisk.

Det kan også etter søknad bli gjeve unntak av Statsforvaltaren om det i enkelte tilfelle blir vurdert å ha nemneverdig negativ verknad på bestanden.

Formålet med forskrifta er å gje laksefiske naudsynt vern mot overbeskatning i sjøen i Møre & Romsdal.
Vedtaket av Statsforvaltaren er gjort 9 mai 2023.

Arne Korsbrekke t.v. og Glenn W. Stadheim, to grunneigarar som har forvalta Korsbrekkeelva på beste måte.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380