Lokalnytt

Fyrste cruisebåt til Hellesylt 17. mai

Cruisebåten Le Boreal

17. mai legg Le Boreal til ved Hellesylt cruisekai som fyrste turistbåt denne sesongen. Seinare blir det nye 81 anløp til Hellesylt i løpet av sesongen.

På cruiselista frå Stranda Hamnevesen er ført opp 187 anløp av turistbåtar i 2023. Geiranger får besøk av i alt 169 anløp, og Hellesylt 82.

Sesongen i Geiranger har alt starta med fleire båtar både i april og no i mai, og frå 17. mai og utover blir det anløp mest dagleg.
Til Hellesylt kjem fyrste båt på 17. mai. Det er Le Boreal, ikkje av dei største, men med ei lengde på 142 meter og knappe 11000 bruttotonn.
Båten kjem frå Ålesund til Geiranger, er innom Hellesylt rundt klokka 15.00 og går vidare til Olden. Dette er fyrste cruisebåtanløp på Hellesylt i år. I alt har Hellesylt cruisekai 82 båtar i løpet av sesongen medan 169 er innom Geiranger.

Den store turistbåt-månaden i område Geiranger / Hellesylt er juli med 91 anløp totalt i dei to havene. Men også juni med 71 og august med 69 anløp er bra.
Sesongen i Hellesylt og Geiranger varer langt ut på hausten/vinteren. Siste til Hellesylt er331 meter lange MCS Euribia som legg til kai heile dagen 5. oktober.
I Geiranger avsluttar Hanseatic Nature ein lang sesong 7. desember.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380