Lokalnytt

Har klargjort vakuumtoalettet ved Vollset


Her blir det påfyll av vatn til toalettet på parkeringsplassen på Vollset.

Torsdag 18. mai vart solcelletoalettet på parkeringsplassen ved Vollset klargjort for bruk.

Trafikken etter Flofjellvegen har auka på etter kvart som snøen har tina bort og sommaren nærmar seg.
Med meir folk på tur i området melder det seg også visse behov hos turfolk.
På parkeringssplassen ved Vollset kom det opp eit vakuumtoalett i 2016, eit viktig lite hus for trengande. Torsdag 18. mai vart toalettet rigga med påfyll av vatn og klargjort for bruk for sommaren.

Etter Flofjellvegen går det fleire tusen personar kvar sommar, ikkje berre fastbuande, men også bussgrupper og cruiseturistar som søkjer naturopplevingar av dei beste på turen over Flofjellet.
Eit toalett er difor eit viktig servicetilbod for trengande før ein legg ut på den unike fjellturen frå Vollset til Flo i Stryn.

Inge Bjørdal har kontroll på at vatnet kjem dit det skal i vakuumtoalettet ved Vollset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380