Har pynta og planta ved Omsorgssenteret
Ved Sunnylven omsorgssenter har det blitt planta i blomsterkrukker dei siste dagane. Og det gjekk bra med alle plantar i dei sterke vindkasta sist veke.
Ved Sunnylven omsorgssenter har det vore vanleg at pårørandegruppa har planta og kosta uteblomar til fyrste og tredje etasje, for andre etasje har kommunen teke kostnaden.
I 2020 fekk Trivselshagen 200.000.- kroner av Sparebanken Møre til istandseting av uteområdet. Ein del pengar står att av dette etter opparbeiding av uteområdet, og i år blir det brukt av desse til kjøp av blomar til alle tre etasjar, fortel leiar i pårørandegruppa Ruth Hole Aaland.
Ho fortel at 23. mai hadde pårørandegruppa plantedugnad der også to damer frå Sunnylven sanitetslag var med, og den dagen vart det planta ut 76 slynggeranium i 38 blomsterkasser. Det prydar opp alle etasjar i heile huset, seier Aaland.
Sist veke var det svært kraftige vindkast både på Hellesylt og andre stader i Sunnylven. Heldigvis ser det ut til at plantane har greidd seg godt i dei harde vindkulene som herja då, får hellesylt.info opplyst.