LokalnyttLokalsport

Hege Ringdal vann Lørenløpet

Hege Ringdal, Sunnylven IL viste god form då ho stilte opp og vann Lørenløpet over 10 km. laurdag i ei dameklasse med 21 løparar.

Laurdag 6. mai vart Løren-løpet arrangert i Oslo. Hege Ringdal, Sunnylven IL var mellom deltakarane og vann løpet suverent, 2.23 minutt før neste løpar.
Hege brukte 41.57 på løpet over 10 km. Torild Skagestad, Otra IL kom på andre plass, og på dei neste plassane finn vi Eugenia Krogsvold, Oslo og Pernille Svarstad, Oslo.

Hege Ringdal har vore mellom Sunnylven IL sine beste i løping i mange år. No har det vore litt rolegare og mindre med resultat ei tid, men i romjula deltok ho på halvmaraton og gjorde det bra. Deretter vart det meir løping og fleire treningsøkter, fortel ho.
Laurdag 6. mai vart det klart for Lørenløpet, ein liten test på kor god forma er framfor komande helg der ho skal delta i Holmenkoll-stafetten og laget BUL Aktiv, fortel ho.

-Det var artig og eit meir overraskande resultat laurdag enn forventa, seier Hege. Ho hadde eit mål om å kome inn til rundt 45.00 minutt, men så vart det 41.57, eit tid ho er strålande fornøgd med.

Herreklassa i Lørenløpet vann Even Dalen, Oslo på 35.55.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380