Lokalnytt

Hellesylt og Geiranger får brannsikringsplan

I Hellesylt og Geiranger sentrum er der mykje trehusbebyggelse, og på begge stader skal det utarbeidast planar for tryggare brannsikring. Her frå Gatå i Hellesylt.

I Hellesylt og Geiranger blir det utarbeidd brannsikringsplan for trehusbebyggelsen. Planane er nye for begge bygdesentra.

Stranda kommune får nesten 290.000.- kroner i tilskot til brannsikringsplan for trehusbebyggelse i Geiranger og Hellesylt. Beløpet er 220.000.- høgare enn det kommunen søkte om.

For dei to bygdesentra der trehus står tett i tett vil det bli utarbeidd ein brannsikringsplan.
Utarbeiding og revidering av brannsikringsplanen er eit nasjonalt satsingsområde, heiter det frå fylkeskommunen.

Inge Teigen er brannsjef i Stranda. Både Hellesylt og Geiranger har tett bebyggelse, seier han og nemner spesielt naustrekka i Geiranger.
-I dei to aktuelle områda i kommunen står trehus tett og pengane som er tildelt går denne gongen til utarbeiding av planar for brannsikring. Det blir i fyrste omgang å legge til rette med brannvarsling og sløkkevatn med hydrantar. Der er alt eit par stykker, men det er ynskjeleg med fleire.
Vidare er det også aktuelt med informasjon til dei som bur og brukar områda, seier Teigen, som legg til at planen som kommunen no utarbeide vil fyrst og fremst beskrive kva tiltak som skal gjerast.

Arbeidet med utarbeiding av brannsikringsplan for dei to tettbygde områda vil bli lyst ut for anbod. Teigen trur at året vil gå før ein kjem i gong med sikringsarbeidet.
Og eigarar av boligområda på dei to stadane i Geiranger og Hellesylt vil bli kontakta og informert om kva tiltak ein ønskjer å gjere, seier brannsjef Inge Teigen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380