Lokalnytt

Holedalsvegen framleis sperra av snøras.

Det er store mengder snø i både ras ein og to ved Litlesætra i Holedalen. Men 17 varme grader gjorde at det smelta godt.

I Holedalen i Sunnylven kom fleire store snøras i mars. Framleis er vegen til sætra sperra og blir det nok i fleire veker enno.

Hellesylt.info tok turen til Holedalen for å sjå på dei store snøfonnene. Nesten midtvegs til sætrestølen, ved Litlesætra på Bjørdalsida var det stopp med biltransport. Der møtte vi det fyrste store snøraset og like framom var der nye to til som hadde teke med seg store snømengder frå fjellsida.

Bønder som sætrar i Holedalen var for nokre veker sidan i området og molda/kalka snømassane, eit arbeid som synte tydeleg at det hadde hjelpt på. Men framleis er det høge fonnroner på alle dei tre plassane så her går det både dagar og veker før vegen er køyrbar om det ikkje blir sett på gravemaskin til ryddinga.

Sola varma godt denne dagen så smeltevatnet rann godt frå alle fonnronane, men det tek nok si tid om alt skal smelte og vegen bli køyrbar til sætrane i Holedalen.

Også ras tre dekkjer sætrevegen godt og vil ta si tid å smelte bort på naturleg vis.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380