Lokalnytt

Klart for bygging av Hydrogenfabrikk på Hellesylt

Snart startar bygginga av Norwegian Hydrogen sin fabrikk på Hellesylt, den aller fyrste fabrikken i Norge som vil produsere grøn hydrogen.

-Vi er klare for å starte opp siste fase i prosjektet vårt på Hellesylt med bygging av hydrogenfabrikk, seier Andreas Østigård i Norwegian Hydrogen HUB.

Torsdag 25. mai kallar selskapet inn til folkemøte på Hellesylt for å orientere og gje den siste informasjon før arbeidet held fram.

Det var i fjor før jul at eit vel 5.0 da. store området på Øyrane på Hellesylt vart fylt ut og opparbeidd til det som skal bli tomta til Norges fyrste hydrogenfabrikk.
No har området lege i ro ei tid og «sett» seg og skulle vere klar for utbygging av det som skal erstatte fossilt brennstoff og gje energi til mellom anna ei turistferje mellom Hellesylt og Geiranger.

-Møtet torsdag 25 mai blir på Hægstad Gård klokka 17.00 – 18.00. Her vil vi orientere om arbeidet som i desse dagar skal halde fram på tomta, seier Andreas Østigård.
Det er Peab, selskapet som fylte ut tomta som også skal halde fram med klargjering av området, seier han. Ein del masse skal flyttast på, vidare skal det beplantast, ein mur av naturstein skal setjast opp, gjerde i tre skal avgrense heile området, og det skal støypast fundament og førast opp eit administrasjonsanlegg, fortel Østigård.
Alt dette vil det bli orientert meir om på det opne folkemøte torsdag.

Besøk av statsråd Aasland

Dagen etter fredag 26. mai kjem statsråd, olje -og energiminister Terje Aasland til Hellesylt og Stranda. Han startar dagen på Hellesylt og Hægstad Gård klokka 09.00 der det blir orientering om Hydrogenproduksjonen til Norwegian Hydrogen.
På Hellesylt blir statsråden også orientering om fjellet Åkneset og om utviklinga, før det er planlagt tur til området for å sjå på det heile.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380